Dei flottaste norske dikta om naturen. Vakker gåvebok med 101 kjende og kjære dikt om fjord, fjell, kyst og skog. Her finn du klassikarar frå mellom andre Henrik Wergeland, Aasmund Olavsson Vinje, Hans Børli og Halldis Moren Vesaas, saman med nyare dikt av poetar som Ruth Lillegraven, Anna Kleiva, Øyvind Rimbereid og Hilde Myklebust. Samlinga følgjer naturen gjennom året, frå den grøne våren gjennom den varme sommaren og den raudgule hausten til den frosne vinteren.