Kva heiter det? vil vere ei god hjelp for dei som kjenner seg usikre i nynorsk ordval og ordlegging. Det kan gjelde dei som har nynorsk som sidemål, men også mange med nynorsk som hovudmål, som har vakse opp i område med språkblanding, "Kva heiter det på nynorsk" er spørsmålet mange elevar og studentar stiller seg når dei skal skrive. Også dei som må eller bør meistre nynorsk i det daglege arbeidet, vil kunne ha nytte av ordlista. Ordlista inneheld:
- oppslagsord på bokmål
- omsetjing til nynorsk
- eitt eller fleire synonym på nynorsk
- tekstdøme, som viser bruken av orda
- rettleiing med viktige grammatikk- og rettskrivingsreglar
- rettleiing i nynorsk uttrykksmåte