Forlaget skriver om denne boka:
Den første samla framstillinga om landbruket i Noreg - frå dei eldste tider og fram til i dag.
Norges landbrukshistorie I-IV gir ei brei kulturhistorisk innføring i det norske landbrukssamfunnet opp gjennom tidene. Forfattarane går mellom anna inn på livsforholda til dei ulike grupperingane i bondesamfunnet, sjølvforståing og livsmønster, dyrkingsmetodar, dyrehald og reiskapsbruk til ulike tider, og interessekamp, politikk og økonomi. Regionale skilnader blir trekte fram, samstundes som spørsmål knytte til ulike utviklingsprosessar i samfunnet blir analyserte. Vekslande perspektiv og eit rikt illustrasjonsmateriale i fargar gir historia liv og teiknar tankevekkjande og djuptloddande riss av det komplekse landbrukssamfunnet i Noreg. I sentrum står heile tida menneska i landbruket og dei viktigaste utfordringane dei har stått overfor.
Band III av Norges landbrukshistorie opnar med hendingane på Eidsvoll i 1814, og følgjer utviklinga i jordbrukssamfunnet fram til 1920. Dette er ein periode med store omveltingar, og det norske landbruket blir mellom anna presentert i lys av politisk demokratisering, organisering på ulike plan, folkeauke, økonomisk utvikling, industrialisering og auka opplysning. Ein raud tråd i framstillinga er vekselverknaden mellom det tradisjonelle og det «nye», moderne jordbruket.